Frå 07.07.25 har vi ledig svangerskapsvikariat for fastlege. Vi søker etter ALIS eller spesialist i allmennmedisin.
Om arbeidsstaden
Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar, to ALIS og ein spesialist i allmennmedisin. Det er 1 LIS1 ved kontoret og dessutan 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2700 fastlegepasientar.
I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skolehelseteneste, tilsyn med heimebasert omsorg og sjukeheim med palliativt rom. Klinikken er svært godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, EKG, 24 t EKG, 24 t BT apparat, spirometer, tympanometer, audiometer, ultralydapparat, ano/rektoskop, velutrusta skiftestove, laboratorium med god kvalitetskontroll, vaksinasjonsklinikk og eiga smittesluse. Journalsystemet som blir brukt er Pasientsky.
Aukra kommune er ein del av Molde interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Aukra kommune på kvardagar kl.08.00 – 16.00
Arbeidsoppgåver:
• Kurativ verksemd
• Daglegevakt
• Deltaking i interkommunal legevakt
• Kommunale oppgåver
– Helsestasjon
– Skolehelseteneste
– Tilsyn med heimebasert omsorg og institusjon
Ønska kvalifikasjonar:
Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon. Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS. Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
• Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner
• Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid. Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.
• God erfaring med digitale verktøy
• Søkar må ha førarkort klasse B
Vi ønskjer at du har gode samarbeidsevner og kan arbeide i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig.
Vi legg vekt på dei personlege eigenskapane dine og motivasjon for fastlegearbeid.
Vi tilbyr
• Vikariat med lønn etter avtale
• Vi er godkjent utdanningsinstitusjon for LIS1, ALIS og godkjent rettleiar
• Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
• Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
• Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
• Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP; sjå nærmare på dette her;
http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Aukra%20Kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=1234
• Gruppe- og ulykkesforsikring
Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen
Særskilde krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønskte om reservasjon ikkje blir teken til følge
Søknad
Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Me ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad».
Kontaktpersonar:
Silje Liepelt Stilling: Kommunalsjef mob: +47 91822250
Thomas Rakvåg (kommuneoverlege) mob: +47 412 10 851
Søk her
Søknadsfrist: 02.06.2025
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3700 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Kommunedirektøren er øvste leiar for administrasjonen, som er organisert i 4 sektorar leia av kvar sin kommunalsjef med eigen fagstab. I kvar sektor er det einingsleiarar med ansvar for sine fagområde, til saman 13 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.